Artikel nr 3 fra blad nr 5-2007
Emne: Dikt
Gud vandra - og - Eg ber på ein draum

Hele skriften
er inspirert av Gud!
2 Tim 3,16.

Av Trygve Bjerkrheim

Gud vandra igjenom vår soga


Gud vandra igjenom vår soga, ­
hans fotefar klårt me kan sjå,
fra fyrste gong eldane loga, -
i oltid og alt opp til nå.

Han ordet om Kvite-Krist sende
til landet langt oppe i nord.
Han ljoset på varddane tende
for borni, forfar og for mor.

Og siden han aldri oss gløymde;
hans truskap og miskunn var stor.
Hans kjærleik til ættene strøymde,
til folket ved fjell og ved fjord.

Enn lyser hans sol yver landet,
og enn skifter sumar med haust.
Me enn hev hans Heilage Ande,
som signar oss rikleg og raust.
Me høglovar Gud og vår Fader
for ævelivs herlege von.
Til sist, når vår livssol so glader,
Me sover  i tru på Guds Son.

Av Trygve Bjerkrheim
Eg her yå ein draum jor mitt fedreland

Eg ber på ein draum for mitt fedreland;
den bøni i barmen min bankar.
So kviskrar eg henne so tidt eg kan,
og tenkjer dei varmaste tankar:
at Noregs folk vert eit Herrens folk,
no ut mot tidi sin siste bolk.

Eg ber på ei bøn for mitt fedreland;
eg kan ikkje anna enn drøyma; ­
eit syn set mitt hjarta i heilag brand
det synet eg kan ikke gløyma:
Eg ser ein vår yver Noreg gå,
og folket vårt fær Guds rike sjå.

Min fagraste draum for mitt fedreland,
å, må eg når ut eg skal anda,
 med fagnad få sjå at den draumen var sann;
Guds dag yver landet vårt randa!
Då vil eg takksam til kvila gå.
Å, Herre, lat meg det synet sjå!

Av Trygve Bjerkrheim