Hele skriften
er inspirert av Gud!
2 Tim 3,16.
Eit hovudord i Bibelen er tru. Denne tru er det som gjer eit menneske til eit Guds barn og bringer all himmelsk velsigning med seg. Utan denne tru er alle vegar til Gud stengt. Eit anna ord for denne tru er tillit. ”Set dykkar lit til Herren” Sal 4,6. Det er ei tru og lit på ein bestemt person, Jesus. Trua må vere på han åleine. Ein kan ikkje tru både på Jesus og på ein avgud. Heller ikkje kan ein tru litt på Jesus og litt på seg sjølv. Det er umogleg å få ei sann tru på Jesus utan at ein først mister heile trua på seg sjølv.
Men har dei då rett dei som hevdar at Bibelen riv ned eit menneske sitt sjølvbilete? Vi må ikkje tale om synd og om at mennesket berre er støv. Også for mykje fokus på fortaping og Guds vreide riv ned sjølvbiletet. Vi må ikkje seie at vi berre er elska for Jesu skuld, vi er elska for vår eiga skuld også! Så blir ein kristen forkynnar si viktigaste oppgåve å gje tilhøyrane sjølvtillit. ”Du er du og du duger”, syng borna.
At mange unge, og eldre med, slit med sjølvbiletet sitt, er sant. Men at dette skulle vere Bibelens feil, vil vi ta heilt avstand frå. Bibelen er kalla den ”sunne lære”. Den er ikkje berre sann, den er også sunn. Den er god for helsa og for sjølvbiletet! Eg håpar eg kan hjelpe nokon å sortere kva Gud vil du skal miste trua i deg sjølv på og kva Gud vil gje deg trua i deg sjølv på. Kanskje kan eg også gje dei som forkynner frimot til å forkynne heile Guds råd.
På dette spørsmålet vil vi berre dra inn eit lite kapittel,
men det er også svært viktig. Vi må lære å skilje mellom Gud, menneske
og dyr/planter. Mennesket er avhengig av dei begge. Men rangordninga er
slik:
1.Gud
2.Mennesket
3.Dyra
Før eg seier meir om dette, vil eg bruka litt tid på korleis det blir når vi ikkje sorterer desse rett. Dette er vesentleg for eit rett bilete av seg sjølv.
Gud er i praksis ikkje eksisterande. Verda styrast etter regelen til Darwin: ”Survivel of the fittest”. Mennesket er eit dyr, og difor verken over eller under. Det rår over dyra berre fordi det er sterkare og klokare. Det er evolusjonens harde realitet. Den sterkaste vinn. Her har ein i historia vurdert menneskerasar opp imot kvarandre. Hitler er eit grotesk eksempel. Den sterkaste rasen vinn, og den sterkaste rasen skal vinna. Slik vil evolusjonen og verda gå stadig framover.
Her er det ikkje tale om nokon gudstillit i det heile, det er tillit til det sterke mennesket og ein tillit til at naturen alltid vil bringe verda framover. Ofte fører det til dyrking av heltar og sterke menn, eller popidol og vakre utsjånader. Det er ikkje mykje trøyst for dei som fell igjennom. Den gamle blir ikkje verdsett, heller ikkje den sjuke eller fosteret i mors liv. Dei svake skal døy.
Vi ser også ein motsett argumentasjon utfrå eit slik livssyn. Denne har mykje godt i seg, men er også forfeila utfrå eit kristent verdsbilete. Dyra blir så mykje verd at menneskets viktigaste kall er å verna desse. Dyrevern og naturvern blir det viktigaste vi kan arbeide for. Dyra blir over menneska. Skal logikken fylgjast til ende, så blir det like galt å drepe ein mygg som eit menneske. Lovverket gjev like sterk straff, ja til og med enda strengare straff for å drepe eit dyr enn for å drepe eit menneske. Her er det litt betre kår for sjølvtilliten til dei svakaste iblant oss. Det blir ikkje den sterkaste som er mest verd, alle er like mykje verd, både dyr og mennesker.
Men han gjev inga hjelp i naud som menneske ikkje kan hjelpe i. Han rommer ikkje noko håp i døden, og inga verkeleg meining med mitt liv. Eg er ikkje ein gudvilla skapning. Det er ingen plan for livet mitt.
Gud har heller ingenting med lovverket å gjere. Det er mennesket som er gud. Og mennesket skal bruke sin ”guddommelege” makt til å berge naturen frå forureining og øydelegging.
I dette verdsbiletet er det plass for ein gud. Men guden er på sida av mennesket. Det er mennesket som lagar seg sin eigen gud. Sjølv om desse gjerne kan tilbe Gud, og prise han for å vere høg og sterkare enn noko menneske, så er det eigentleg mennesket som er over Gud. Det er mennesket som lagar seg sitt bilete av Gud. Det er ikkje plass for guddommeleg openberring eller ei klår sanning. Her er det god plass til sjølvtillit. Ja, sjølvtillit er noko som ein vaktar og ikkje vil miste. Mennesket har forstand til å finne ut sjølv kva som er rett, og med Guds hjelp vil det også klare å gjere det som er rett. Mennesket er som Bibelen seier: =>”Forstandige i eigne auge”. Ei forkynning om menneskets store fall i synd og Guds heilagdom vil ikkje passe inn.
Dette verdsbilete er Bibelens verdsbilete. Gud er høgt opphøgd over mennesket. Mennesket er opphøgd over dyra og er sett til å råda over dei. Han har i si store allmakt gjort mennesket avhengig av seg. Etter syndefallet gjeld dette i endå større grad. Å vere sant menneske er å vere avhengig av Jesus!
Det er nemlig svært mykje eit menneske ikkje kan gjere, men må stole på Gud om det skal bli rett gjort. I alt som Gud vil gjere for mennesket, skal vi ikkje ha sjølvtillit, men ha Gudstillit. I alt han vil vere for oss må vi difor miste vår tillit til oss om det skal vere rett å seie om oss at vi trur tru på Gud.
Men Gud vil også gjere noko gjennom deg. Han har ein plan med deg. Han har gitt deg evner han vil du skal bruke til denne planen. Og det gjeld både i kvardag og på bedehus, i allmenn samfunnsgjerning og som vitne for han, i familie og blant venner. Desse evner skal vi ikkje nekta, men tenkja verken for stort eller for lite om.
Kvart menneske er ei puslebrikke i Guds store puslespill. Akkurat så store evner du har, ville Gud at du skulle ha!
Og her skal vi hjelpe kvarandre! Vi skal rose kvarandre for dei evner og det arbeid vi gjer.
Vise at vi er takknemlige for kvarandre og syne vår glede over det andre gjer. Det er kristeleg rett å gje kvarandre sjølvtillit i dette. Oftast kan misunning mellom oss få oss til å trykkje kvarandre ned eller at vi teier med rosen. Slik åtferd skal vi aldri gje namnet kristeleg!
Men vi lever i ei fallen verd, og vi kan så lett få vår visdom av denne verda med sitt forfeila verdsbilete. Det vanlege er å få sjølvtillit av å hevde seg i noko. Det er heilt i tråd med det evolusjonistiske verdsbilete. Den sterkaste er mest verd. Den som ikkje hevdar seg i noko, får ikkje anerkjenning i denne verda. Det er som den fortapte son i grisebingen. Når han ikkje hadde noko som andre sette pris på, så gav dei han ikkje noko heller. Nokre hevdar seg på skulen, andre på fotballbanen. Nokre har mange vener, andre ein vakker utsjånad. Trangen etter å hevde seg i noko for å kjenne seg verdfull, er veldig sterk. Men det er store farar forbunde med ein slik form for sjølvtillit.
Fare nr 1: Sjølvtilliten er veldig skjør! Dersom du ikkje finn tilstrekkeleg med ting du kan hevde deg i, er det ikkje lett å finne grunnlag for eit godt sjølvbilete.
Fare nr 2: Du blir veldig ærekjær og sjølvopptatt. Det du skal hevde deg i, blir så viktig at det bind deg. Mislukkast du i fotball, fell liksom livet i hop. Skryt ikkje andre av utsjånaden din, blir du så engsteleg for at folk ikkje likar deg. Når sjølvtilliten er avhengig av det du gjer, får du eit anstrengt liv. Er det hagen eller huset som er ”din sjølvtillit”, vil det bli meir enn ein hobby. Det blir ein avgud.
Fare nr 3: I staden for å løfte andre opp, løftar du deg sjølv opp. Gjerne på andre sin rekning. Du har vanskeleg for å skryta av andre. Du blir lett misunneleg. Du kan ta venner fra andre. Baktale andre. Du ser ikkje andres behov, og er så på jakt etter bekreftetingar på det du gjer. Gud vil at sjølvbiletet skal byggjast på sikrare grunn. Eit bibelsk sjølvbilete er ikkje grunna i kva plass eg kjem på på fotballbanen eller karakterar på skulen. Det er grunna i at Gud har vilja meg slik eg er. Har eg downs syndrom, så har Gud laga meg slik. Er eg ikkje musikalsk, så skal eg ikkje bli konsertpianist. (Men det kan godt vere du kan øve opp din lille musikalitet til glede for folk på ein sjukeheim eller anna.) Må eg streva meir enn andre medelevar for å lære noko, så er eg ikkje mindre verd av den grunn. Heller ikkje utsjånaden min eller antall venner eg klarer å skaffe meg, er målet på min verdi. Eg er skapt av Gud. Eg er vilja av Gud. Eg er meir verd enn heile jorda. Det seier Gud. Akkurat slik som eg er skal det vere eit menneske som er! Du er fødd utan feil. Kvar ein såkalla ”feil” ved deg, er nøye uttenkt og planlagd. Eg har fått dei evner eg skal ha til å gjere den gjerning Herren har tenkt. Og tenker han meg til ei gjerning eg ikkje har evner til, så vil han gje meg dei etter kvart.
Blir dette forkynt rett og trodd av den som høyrer, får ein forsåvidt sjølvtillit. Ein får ei tru på at livet har meining og at ein kan lære og utrette noko i livet. Men ein blir ikkje stor i seg sjølv, for ein har ikkje noko som ein ikkje har fått. Alle evner, all helse, all fornuft og tanke er gitt av vår gode og gavmilde Gud. Han vil vi skal bruke dei til teneste og gagn for våre medmenneske.
Det er både viktig å sant å forkynne dette. Du er verdfull. Du er høgt elska. Du er fødd utan feil. Det finst kun velskapte mennske! (Men du er ikkje utan synd!) Du har evner. Du kan lære noko og utrette noko for dine medmenneske. Gud vil vi skal tenkje rett om oss sjølv, verken for høgt eller for lite. Vi skal ikkje nekta for evnene våre. Gud har ikkje hugnad i at vi går rundt og tenkjer at det var best vi aldri var til!
Verda treng deg og Gud har bruk for deg! Men dette er ikkje sjølve evangeliet vi vert frelst ved! Å hjelpe kvarandre fram i livet, støtte og oppmuntre kvarandre er bra så langt det rekk. På fleire kristne ungdomsstemne synest denne bodskapen å vere den heilt sentrale. Då blir det galt, for dette er ikkje evangeliet vi blir frelst ved!
På alle område Gud har gjort deg avhengig av han, skal du miste di sjølvtillit. Og det går så merkeleg til at jo meir du mister di sjølvtillit i desse saker, og du bytter den ut i Gudstillit, jo meir stig motet og frimotet! I verda er det jo motsett. Til meir du mistar di sjølvtillit, til meir stig fortvilinga og mismotet!
a) Å sone dine synder.
Du er fødd med synd. I tankar, ord og gjerning strøymer ho fram.
Egoisme, ureine tankar, sjølvkjærleik, hat, pengekjærleik, likesæle,
ja, det er ikkje botn i den vondskap som bur i hjarta vårt. Denne synd
må sonast. Ikkje bare enkeltsynder, men heile meg med tankar, motiv og
lyster.
Så kjem dette evangelium som frelser den som trur: Denne saken har Gud tatt på seg. Han vil gjere det heilt åleine, utan den minste hjelp frå di side. Ja, han har allereie ordna det då Jesus døydde til soning for syndene våre. Han har altså gjort deg 100 % avhengig av seg i dette. Difor vil 99% tru på Jesus og 1% tru på deg sjølv øydeleggje alt. Om Jesus heiter det: ”Og han er ei soning for syndene våre.” 1 Joh 2,2. Merk: Han åleine er ei soning for alle syndene våre. ”Men der det er forlating for syndene, trengst ikkje lenger noko offer for synd.” Heb 10,18.
Å sone synda vil seie å gje ein rettskraftig grunn for tilgjeving. Veit du at du har det? Du har i Jesus ein rettskraftig grunn for Guds tilgjeving for akkurat dine vonde, fæle synder. Du kan frimodig tru at Jesus har ordna di sak. Du kan i tru på Jesus eige vissa på syndsforlating, på grunn av Jesu soning. Blandar du deg opp i denne soninga, får du aldri vissa. Du får heller ikkje tilgjeving! Blir dine gjerningar noko som skal gjere godt for dine brot, har du ei tru på deg sjølv som du må missa om du skal bli frelst. Berre den minste gjerning som skal gje deg ein grunn til å tru forlating for synd, er di ulykke!
Trua på Jesus kan ikkje gå hand i hand med trua på deg sjølv. Difor er det Guds kjærlege hand du kjenner når han syner deg dine synder og gjer deg fortvila over deg sjølv og din kristendom. Tenkjer du om trua at den skal vere grunnen for kristennavnet ditt, er det berre godt om du mislukkast med trua. Tenkjer du at ei skikkeleg omvendig er å vere alvorsam eller kanskje glad og lukkeleg på ein spesiell måte, så er det berre godt om du kjenner deg heilt likesæl og kjenslelaus. Slik mister du jo trua på di tru og di omvending. I staden må du tru deg frelst på grunnlag av Jesu soning for dine mange synder. Her står du i lag med syndarar og andre som ingenting har å rosa seg av. Å kor Gud mange gonger må audmjuka oss for å få oss til å innsjå at også vi tilhøyrer denne gruppa!
Jesus lærte oss å be: Forlat oss vår skuld. Fader Vår er ei bøn kor Jesus lærer oss alle ting vi ikkje skal vente av nokon andre enn Gud. I desse ting har han gjort oss 100 % avhengig av han. Og det er vår store lukke å vere avhengig av han, for då blir det skikkeleg gjort! Før vi mister trua på oss sjølv i desse ting, vil vi ikkje be Fader Vår frå hjarta. Og først når han får frelse oss åleine, blir vi skikkeleg frelst!
b) Å finne vegen til himlen
”Eg lovar deg Far, Herre
over himmel og jord, fordi du har løynt dette
for vise og forstandige, men openberra det for umyndige.”
Matt 11,25.
Den ”forstandige” her er den som har sjølvtillit på eit område han
skulle hatt Gudstillit. Han trur han skal finna vegen til himmelen
sjølv. Han treng ingen vegvisar, ingen Helligånd til å openberra ordet
for seg. Berre når Gudsordet stemmer med hans forstand, godtek han det.
I møte med det uforståelege tolkar han det bort til å stemme med det
gudsbiletet han sjølv har laga seg. Han mister aldri ”kontrollen” i
møte med Guds ord. Talar Bibelen om gjenføding, så har han gjerne ingen
erfaring om det, men tolkar det til noko som han sjølv har opplevd.
Talar Bibelordet om synder som rammar han, tolkar han det også slik at
Bibelen ikkje dømmer han.
Men du som er redd for å fare vill får i
denne sak ei like stor trøyst som på forsoninga. Du har sett di lit til
Herren! Du bed at han må bevare deg. Han må openberre seg for deg i
Ordet. Han må halda deg fast og bruke dei råd han vil. Om slike seier
Skrifta: ”Ingen skal
rive dei ut or mi hand” Joh 10,28.
Også denne saka har fått sin plass i Fadervår: ”Led oss ikkje inn i
freisting, men frels oss frå det vonde” Matt 6,13. Til
meir du mister
trua på deg sjølv her, til meir vil du måtte tru på Jesus! Og først då
får du verkeleg mot til å tru at du når fram!
c) Det daglege brød.
Luther tolker denne bøna så klårt i si katekisme. Det daglege brød er
alt vi treng for å leve, meiner han. Det gjeld både mat, klede, lagleg
ver, arbeid, ektefelle og venner.
Er det vanskeleg for Gud å vise oss kor avhengig vi er av Gud i dei to første ting, så er det ikkje lettare i dette. Fordi vi lever i ei tid kor vi har rikeleg både med mat og godt ver, trur vi at dette kjem av seg sjølv – eller at det er vi som kan styre det. Har vi lite pengar, kjem uroa, og har vi mykje pengar, kjem freden. Vi har ikkje freden i vår Gud, men i vår bankkonto. Verkeleg alvorleg for truslivet blir det når pengejaget lukkar hjarta vårt for andres naud eller det freistar oss til å gjera det som er urett fordi vi tener på det.
Frå syndefallets dag gjelder denne livslova: ”Med møde skal du næra deg” 1. Mos 3,17. Og den som ikkje vil arbeide, skal heller ikkje ete. Men kor mykje du arbeider, vil du aldri kunne få meir enn Gud gjer deg. Kvart eit hjarteslag du får, er ei gåve frå Herren. Kvar ei regnbyge som væter graset til bonden, er ei gåve frå vår Skapar. Han kan med eit ord stansa alt regn eller formørke sola så ho ikkje lenger gjer plantene liv. ”Det er Gud som kler graset på marka” Matt 6,30. ”Det er Gud som fastsett dagane dine” Sal 139,16. Gud opnar og lukkar vegar for deg. I alt er du skuldig å takke Gud.
Her gjeld regelen: Til meir du har lit til deg sjølv for det daglege brød, til meir bekymra og uroa vert du. Til meir du mister trua på deg sjølv og kviler deg i Gud, til meir fred og mot får du! Du vil også sanna at Gud er ein betre tilflukt enn nokon bankkonto.
d) Å bli brukt av Gud.
”Utan meg kan de
ingenting gjera” seier Jesus Joh 15,5. Vi er ikkje det
spor viktige i Guds rike. Gud klarer seg godt utan deg. Men fordi han
elskar deg, vil han bruke deg. Kallet til teneste er ei stor nådegåve,
ikkje ei stor oppgåve!
Også i dette protesterer menneskenaturen. Vi har ein ibuande sjølvtillit som må brytas ned om Herren skal kunne bli stor gjennom oss. Denne sjølvtillit kan gjerne vere ikledd audmjuke ord. Men i hjarta kan vi tenkje at Gud er heldig som har meg! Jo visst kan eg gjera mykje. Du kan arrangere møter, preke, vitne og synge. Du kan lage kaffe og vaske golv. Du kan selge lodd og gje tiende til misjonen og meir enn det. Men Guds rike er eit åndeleg rike. Ein person blir fødd inn i det riket. Asbjørn Aavik kalte det å preke eit kall til å ”vekke opp døde”. Akkurat slik tenkjer Bibelen om den ugjenfødde verda. Ho er åndeleg død. Det skal meir til enn velformulerte ord og god sang og musikk. Det skal Ånd til! Den krafta har ikkje du i deg sjølv. Det treng du å innsjå!
Du skal ikkje miste tilliten til dine evner, at du er i stand til å lære noko og å gjere noko. Du skal ikkje seie nei til vanskelege oppgåver og tru du er åndeleg audmjuk når du seier nei. Mange har også opplevd å miste trua på seg sjølv på ein gal måte på grunn av andres sårande ord. Vi skal ikkje vere redde for å oppmuntre kvarandre. Det at ein ikkje får noko tilbakemelding på det ein gjer, kan også oppfattast som kritikk. Mange er veldig kjenslevare her. Nei, lat oss kappast om å heidra kvarandre!
Å rett miste trua på at du kan utrette noko i Guds rike, gjer ikkje at du trekkjer deg unna. Ikkje alle oppgåver passar du til, det er rett. Kvar har si nådegåve. Men når trua på Guds Ande får fylla sjel og sinn, skjønar du at Gud også kan bruke eit skrøpeleg vitnemål. Han kan bruka deg, på tross av dine manglande evner.
Når ein mister trua på seg sjølv på ein gal måte, skuldast det ofte at ein samanliknar seg med andre. Då har ein ikkje skjøna kva dette handlar om. Det handlar ikkje om å tru du er dårlegare enn andre, det gjeld at du forstår at Guds rike er eit Åndeleg rike. Her strekk ingen menneske til, ikkje du heller.
Å miste trua på seg sjølv, på eit møteopplegg eller anna vi menneske kan prestere, gjev plass for Guds Ande. Då sluttar vi ikkje å halde møte eller vitne om Jesus, då gjer vi det ennå meir frimodig, for vi gjer det i tru på Jesus. Det fører også til ei tillit til Ordet. For det er gjennom sitt Ord Gud har sagt at han arbeider. ”Åndens sverd er Guds Ord” Ef 6,17
”Men eg vil la det verta att hjå deg eit audmjukt og armt folk, og dei skal setja si lit til Herrens namn” Sef 3,13