Av Ole Andreas Meling
“
Vend øyra hit og kom
til meg! Høyr, så skal
sjela dykkar leva. Og eg vil gjera ei evig pakt
med dykk, og gje dykk Davids rike nåde, den
usvikelege.” Jes 55,3
Her er eit ord til deg som kan så mykje.
Du
veit at Jesus døydde på eit kors for å ta bort
våre synder, du veit at vi ikkje blir rettferdige
ved eigne gjerningar. Du veit også at denne
bodskapen føder på ny og gjev kraft til eit
heilagt liv. Du har gjerne halde mange andaktar
om dette også. Spør nokon deg om du trur det,
så er du ikkje i det minste tvil om kva du skal
svare. Du trur det, og har trudd det i mange år.
Men du mangler gleda og krafta. Synda har
så sterk makt i livet og du lengtar ikkje etter å
høyre bodskapen. Dette anklagar deg! Og når
denne kunnskapen som du kan så godt, ikkje
lenger gjev deg noko glede, så veit du også at
ingenting anna kan hjelpe. Kva gjer eg då?
Svaret gjev Jesaja. Akkurat du skal
vende
deg til Jesus. Det vil seie: Vend øyra til han.
Kva vil han deg? Han vil gje deg Davids rike
nåde. Den same nåde som David kunne glede
seg over ved sin dødsdag og seie:
“Han
har
då gjort ei pakt med meg, i alle delar ordna og
tryggja, all mi frelse og alt godt” 2 Sam 23,5.
Det er ikkje si glede eller kraft David gledar
seg over, men at Gud lover å ordne heile frelsa
hans. Tenk ikkje du heller på verken glede
eller kraft akkuat nå. Dette har så lett for å ta
merksemda bort frå bodskapen. Då blir det slik
at du kan bodskapen, men du et ikkje! Du får
ikkje tru deg frelst lenger!
Høyr difor nøye etter kva vegen til
livet er
for deg. Det er nemlig den same som du gjekk
første gong du kom til liv i Gud. Det er også
den same som kvar uverdig syndar som har
gått frå døden til livet har gått. Men du finn han
ikkje ved å gjere noko eller vente på noko. Du
finn han ved å høyre noko! Høyr, så skal sjela
di leva! Kva skal du høyre? At Gud vil gjere ei
pakt med deg – det vil seie at han vil love deg
noko. Han vil gje deg Davids rike nåde, den
usvikelege! Den gjev han heilt fritt og gratis
– til alle som vender seg til han for å få livet.
Ein slik er du! Les Bibelverset igjen – høyr det,
tru det og takk din gode Gud!