
| I dag fekk eg blomar frå Jesus. Ein himmelsk bukett i Guds ord. Ein flora som aldri kan visna, slik blomane gjer her på jord. |
| Eg deler buketten med andre. Han blir ikkje mindre av det. For Jesus har blomar til alle, eit vell av Guds signing og fred. |
| I regnbogefargar dei strålar, ber bod om at lovnaden held. Og klåraste skin dei i mørket, når lampa mi sloknar mot kveld. |
| Guds ord er dei fagraste blomar. Ein ange av signing og fred. Eg lyfter mitt blikk mot buketten, og veit at min Jesus går med. |