Artikel nr 12 fra blad nr 5-2025
Klart om kristen tru og kristent liv


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Johannes Kleppa

Boka “Veien til det evige livet” har undertittelen “Kristen tro og liv” (det burde ha stått “ og kristent liv”), og med det signaliserer tittelen at boka er ein kombinasjon av truslære og etikk. Det kjem også fram i disposisjonen av boka ved at ho er delt i to hovuddelar: “Den kristne troen” og “Det kristne livet”. Dei to delane har omtrent likt sidetal.
Frå ei side sett er dette ei tradisjonell framstilling av truslære og etikk, ved at det er klassisk luthersk – og i stor grad generell evangelisk – lære som vert presenterte. Framstillinga byggjer direkte på Guds ord, men også vedkjenningsskriftene er mykje siterte, særleg Luthers vesle katekisme.
Frå ei anna side sett er framstillinga uvanleg samanlikna med andre truslærebøker og etikkbøker. Det heng nok saman med at bok ikkje er meint berre som ei lærebok i dogmatikk og etikk, men som ei hjelp til kristen tru og kristent liv. Det gjer at vektlegginga til tider er nokså annleis enn i generelle lærebøker på området. Det er større vekt på det som gjeld trua og livet på det personlege planet, slik som bønn, og det er større vekt på det som er aktuelt i tida, særleg etiske spørsmål. Det er altså ikkje standpunkta som er spesielle i forhold til tradisjonell oppfatning på dei ulike områda, men vektlegginga og aktualisering. Det siste gjer at framstillinga også vert nokså annleis enn det vi i dag ofte møter i lære og forkynning, særleg i fagteologien.
Samanlikna med det som er vanleg i truslærer, er det omfanget punktet om “Jesus Kristus kommer igjen” har fått, uvanleg. Det er mykje om Israel og om utviklinga i endetida. Det trur eg er klokt med tanke på den tida vi lever i. Tilsvarande har framstilling av det første bodet fått stor plass, der ulike ting i tida som utfordrar trua på den eine sanne Gud, vert tekne opp. Også det trur eg er klokt.
Framstillinga er tydeleg og grei. Nokre gonger vert framstillinga nyansert der det er mogleg med ulike tolkingar. Andre stader er språkbruken overtydeleg, fordi det er dags-aktuelle spørsmål. Det kan vera bra, men det kan også ha den negative effekten at folk som er usikre eller er usamde, hoppar av eller vert skyvde bort. Med det står ein i fare for ikkje å nå nokre av dei ein ønskjer å nå. Dette er ikkje noko stort problem i boka, men på nokre stader ville eg hatt ein litt meir dempa språkbruk.
Boka er pedagogisk godt lagt opp, der det også er arbeidsoppgåver, samtaleoppgåver og sangforslag til dei ulike kapitla. Det gjer boka eigna som studiebok, og eg trur ho vil fungera godt slik. Boka er i A-4-format. Det skaper oversikt, men det er eit problem for bokhylla! Det er brukt ulike pedagogiske verkemiddel med bilete, illustrasjonar og ulike skrifttypar. Alle bibelsitata står i raudt. Sjølv om det får desse avsnitta godt fram, likar eg personleg det ikkje. Eg synest det vert litt for glorete, men det er altså ei reint subjektiv oppfatning!
Kort sagt: Dette er ei god og enkel innføring i kristen tru og kristent liv. Ved at ein skal ta føre seg både truslæra og etikken på relativt få sider, vert det ikkje alltid så grundig, men det er heller ikkje poenget med boka. Det er ei truslære og ein etikk til personleg hjelp for kristent liv, særleg med tanke på ungdom, og eg trur ho vil fungera godt som det. Det er ei bok også for vaksne, men også ei bok kristne foreldre kan kjøpa og gje til sin ungdommar.

Eivind Gjerde Veien til det evige livet Kristen tro og liv Norges Bibelkirke 2025 Ib. 178 sider